1 Syrgje ei fyr deim, som sova
Med Guds Fred so søtt i Grav!
Dei paa nytt skal Herren lova
Høgt fyr Kvila, han deim gav,
Ja fyr Siger yver Dauden,
Ungdomsliv i Morgonrauden,
Helgaferd paa Himmel-Stig
Til den Sal, som aldri sig.
2 Hjarta, som av Sorg er saarat!
So han talad til di Trøyst:
Naar han kjem i sky forklaarad,
Talande med Tore-Røyst,
Vil han, medan Lurar gjalla,
Fyrst or Grav dei Daude kalla,
Sanka so fraa Mark og By
Alle sine upp i Sky.
3 Kristne! tenk, kvat Morgonraude,
Mange myrke Timar verd,
Naar me, Livande og Daude,
Møtast med vaar Herre kjær,
Skal i Himmelglans og Æra
Alltid med vaar Frelsar vera,
Lova Gud med Engle-Røyst!
Hugse det er Herrens Trøyst!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #774