Kom, Hjarta gjer din Rekneskap

Kom, Hjarta gjer din Rekneskap

Author: Hans Adolf Brorson ; Translator: Elias Blix
Published in 1 hymnal

Representative Text

1 Kom, Hjarta, gjer din Rekneskap,
Kvar Livsdag upp du skrive!
Og set so Vinning upp mot Tap
Av alt ditt Verk i Live!
Kvat i dei mange Aar er gjort,
Kvat Vondt du heve drivet,–
Aa vit, at Allting, smaatt og stort,
Stend i Guds Bøker skrivet!

2 Vel Tidi burt so hastig fer
Og aldri atter vender.
Men fyr den Gjerd, du gjorde her,
Di Løn du fær i Hender,
Naar Gud til Domen koma vil
Og fram all Verdi sankar,
Og kvar skal gjera nøgje Skil
Fyr Gjerning, Ord og Tankar.

3 Kor mangt eit stygt og daarligt Ord
I lystugt Lag der vankar,
Som sidan vert til Sverd og Mord
I ein fordømd Manns Tankar!
Kor gruvelegt aa tenkja paa
Den Bannskaps vonde Andar,
Som tidt dei Store og dei Smaa
Inn i sin Tale blandar!

4 Kvat Svik og List og vonde Raad
I Hjartat løynt kann renna!
Og urein Lyst, det Orme-Saad,
Som ingen her kann kjenna!
So tenkjer du, det alt er gløymt,
Det heve ingen Faare!
Men Gud til Doms det heve gjøymt,
Der alt kjem fram i Klaare.

5 Det vart for langt aa føra fram
Den synleg; Syndemengdi,
Som mange, seg til Dom og Skam
I all den Ævelengdi,
Her til Guds Harming driva paa
Og ikkje eingong kvida
Fyr Vreiden, som dei Vonde maa
I alle Æror lida.

6 Aa tenk, kor snart dei Dagar gjekk,
Som Gud til Bot deg sende!
Tenk, um du ikkje sleire fekk,
Um no det alt tok Ende!
Og er der og ei liti Stund
Enno fyr deg i Venta,
So tenk, du hev so stort eit Pund,
Men enno ingi Renta!

7 Fall ned med Angers Hug og Mod
Fyr Naadens Stol og Trona,
Og bed, at Gud fyr Kristi Blod
Vil mildt seg lata fona!
Og nøyt so betre Naadens Tid,
Kvar Dag fraa Synd deg vende!
So fær du, naar til Kvelds det lid,
So søt og sæl ein Ende.


Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #768

Author: Hans Adolf Brorson

(no biographical information available about Hans Adolf Brorson .) Go to person page >

Translator: Elias Blix

(no biographical information available about Elias Blix.) Go to person page >

Text Information

First Line: Kom, Hjarta gjer din Rekneskap
Author: Hans Adolf Brorson
Translator: Elias Blix
Language: Nynorsk
Notes: Etter Brorson; Tone: Jeg beder dig, min Herre Gud (L. 113)
Copyright: Public Domain

Instances

Instances (1 - 1 of 1)
Text

M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg #768

Suggestions or corrections? Contact us