766. Den Raud og Trengsla, som eg lid

1 Den Raud og Trengsla, som eg lid,
So lenge Kyrkja er i Strid,
Den skal eg fulla gløyma,
Naar med Guds Heilage eg kved
Ein Sigerfong i evig Fred,
Og Tonar fram skal strøyma,
Som ingen her kann drøyma!

2 Min Klædnad tvær min Frelsar blid
Uti sitt Blod i Naadens Tid,
Di vil han og meg giva
Den lange kvite Klædnad paa,
Den Dag eg skal hans Andlit sjaa
Og lik Guds Englar liva
Og um hans Trong sviva.

3 Der fær eg fyrst i Hender rett
Den sigerspalmen, som er sett
Til stor Triumf og Æra
Fyr Sigren, som min Frelsar god
Meg her let vinna ved sitt Blod
Det skal mi Sæla vera
Det Sigersteikn aa bera!

4 Der skal eg fyr den Frelsegjerd,
Som ved Guds Lamb meg lagad er,
Gud Fader Æra segja.
Guds Englar med meg kveda vil
Og leggja Ja og Amen til
Med heilag Fynd og Fegja,
Og Songen aldri tegja.

5 Mitt Hjarta fullt av Lengsla er
Og stundar saart i Trengsla her,
Min Jesus, til den Æra,
Daa Heilage forutan Tal
Deg lova i den ljose Sal.
Naar skal eg med saa vera
Og fram den Lovsong bera.

6 Der Motgang, Møda, Sorg og Sut
I Himmerike skal faa Slut
Og ikkje vera kjende,
Der vert mi Taara turkad av,
So gjeng eg hugheilt i mi Grav
Fraa Heimsens laage Lende
Og fær so sæl ein Ende!

Text Information
First Line: Den Raud og Trengsla, som eg lid
Author: Kingo
Language: Nynorsk
Publication Date: 1897
Topic: Helgamessa; High Mass; Salmar til Kyrkjeaaret: 21. Sundag etter Trieinings-Helg (3 more...)
Notes: Etter Kingo; Tone: MinSjæl og Aand opmuntre dig (L. 416)
Tune Information
(No tune information)



Suggestions or corrections? Contact us
It looks like you are using an ad-blocker. Ad revenue helps keep us running. Please consider white-listing Hymnary.org or getting Hymnary Pro to eliminate ads entirely and help support Hymnary.org.