Hymnary.org will be unavailable February 11 (8PM-12AM EST) and February 12 (8PM-11PM EST) for system maintenance. Thank you for your patience.
Hide this message
759 | M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg#760 | 761 |
Text: | Kvat tykkjer du um Jesus Krist? |
Author: | Blix |
1 Kvat tykkjer du um Jesus Krist?
Det maa du, Syndar, vita visst.
So du kann Herren svara.
For finn du ikkje Svartet fyrr:
Naar han ein Dag som Domar spyrr,
Daa vil du illa fara.
2 Kvat tykkjer du um Jesus Krist?
Aa Syndar, tak daa ikkje mist,
Naar du skal Svaret giva!
For derpaa Liv og Daude stend,
Um Kristus rett av deg vert kjend:
Giv Svar,so du kann liva!
3 For er han berre Davids Son,
Um og so stor som Salomon
I Visdom, Magt og Æra:
Han endaa ikkje er den Mann,
Som Liv den Daude giva kann
Og sæl ein Syndar gjera.
4 So bed um Anden, at du maa
Fyrst all di Synd i Sanning sjaa
Og saart av Hjartat kjenna!
Og ropa so fraa Djupet ut
Fyr Jesus all di Sorg og Sut,
So Angers Taarer renna!
5 So skal du og ved Drui faa
Med andre Augo Kristus sjaa
Og kjenna honom nærre:
Daa ser du meir enn Davids Son,
Du ser ein Syndars Liv og Von,
Ja ser din Gud og Herre.
6 Kvat tykkjer du um Jesus Krist?
Daa kann du svara sant og visst:
Han er min Gud og Frelsar!
Han siter ved Guds høgre Hand
Og legg fyr Fot kvar Fiendsmann,
Men sælt Guds Vener helsar.
Text Information | |
---|---|
First Line: | Kvat tykkjer du um Jesus Krist? |
Author: | Blix |
Language: | Nynorsk |
Publication Date: | 1897 |
Topic: | Salmar til Kyrkjeaaret: 18. Sundag etter Trieingings-Helg; Hymns for the Church Year: Eighteenth Sunday after Trinity Sunday; 18 Søndag efter Trefoldigheds Fest: Til Hoimesse(1 more...) |
Notes: | Tone: Op glædes alle, glædes nu (L. 127) |