1 No soli bak um blaae Fjell
Sitt ljose Andlit gjøymer,
Og Myrker yver Heimen fell,
Og Jordi ligg og drøymer.
Gud lat di Aasyn lysa ned,
So heilag Fred
Inn i vaart Hjarta strøymer!
2 Kom, Jesus, inn og meg ver,
Naar det til Kvelden stundar!
Og lat din Engel standa her
Ved Lægjet, naar eg blundar,
Og varda vel min Kvilestad!
Og vekk meg glad
Til Song med Fugl i Lundar!
3 Men naar eg her min Nattverd held,
Og Livet kring meg tagnar,
Eg minnast maa min sidste Kveld,
Daa ikkje meir det dagnar.
Naar Soli næste Morgon stend
Upp yver Grend,
Ho meg daa inkje gagnar.
4 Som Ferdesmann paa ville Hav
I Strom og stride Veder
Eg styrer mat mi opne Grav
Med kvart det Stig, eg treder
Eg er av Adams arme Hold,
Ein Mann av Mold
Som alle mine Feder.
5 Men Jesus sører meg ved Hand,
Eg ikkje Raad skal sakna.
Han fører meg til Livsens Land,
Der alle Stormar spakna.
Naar eg i Grav er gjøymd og duld,
Fyr Kristi Skuld
Eg skal ein Morgon vakna.
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #783