1 Maria ho er ei Jomfru rein,
Som Gud vilde Miskunn visa.
Ho fødde ein Son forutan Mein.
Me honom lova og prisa.
Han hev oss alle fraa Syndi løyst,
Han give oss Trøyst
Og Himmerikes Lisa!
2 Um Verdsens Meistrar saman kom, –
Det var so fager ei Stemna –:
Dei kunde hans Kjærleiks Løynlegdom
Med alt sitt Vit ikkje nemna.
For so er Jesus av Naaden full
Og tru som Gull,
Han sæla til oss vil emna.
3 Profetarne saag i Anden visst
Og kunde med Skil so læra,
At Jesus fraa Synd og Satans List
Vaar Frelsare vilde vera
Og føra oss fram til Himmelhamn,
Naar me hans Namn
I hjarteleg Tru vil æra.
4 Aa Jesse Rot og Davids Kvist
Og Jakobs ljose Stjerna!
Det er du Herre Jesus Krist,
Ditt Namn eg lovar so gjerna.
Du løyste naadeleg Verdi all
Fraa Adams Fall,
Du vil oss styra og verna.
5 Og um eg kunde kvart Tungemaal,
Um Skrifti til Grunns eg tydde,
Um Tunga mi so var gjord av Staal,
Og Englemaal meg prydde:
Eg fall paa mine Kue daa ned,
Med Bøn og Bed
Til Jesus eg allstøbt flydde.
6 Mine Synder er som Sand i Strand,
So mange som Sol i Strime.
Gud løyse meg ut or syndsens Band,
Og helst i Daudens Time!
Gud, lat meg aldri verta fortapt,
Som meg heve skapt,
Din Naade imot meg glime!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #690