1 Eit Aar me sjaa no atter rennna
I Fortids stille havdjup ned.
Aa maatte no vaart Hjarta kjenna
Dei Ting, som tena til vaar Fred!
Aa giv, kvart Aar, som seig i Grav,
God Grøda fyre Æva gav!
2 Vaar Tid kverv burt, eit Aar er runnet.
Men kvar er Grøda, som me bar?
Gud tidt hev søkt, men ikkje funnet,
Og saart det fyr hans Hjzrta var,
Naar Frukt han øygnad ingen Stad,
Men berre saag dei visne Blad.
3 Hogg ned, han segjer daa med Harme,
Det Tre, som aldri Frukter ber,
Men stengjer ute Naadens Varme;
Kom Daude, gjer di Gjerning her!
Legg Øks til Rot ved Treet fort,
Og hogg so til, so er det gjort!
4 Men Jesus bed, fyr arme Brøder:
Eit Aar enno lat Treet staa!
Eg grev umkring det, Jordi gjøder,
So er der Von, me Frukt kann faa.
Lat een i Aar det staa i Fred,
Men er det spillt, so bogg det ned!
5 Aa Jesus, hjelp oss Frukt aa bera
Enno i Aar med Andens Kraft!
Kvar Grein, som visnad maatte vera,
Fyll henne du med Livsens Saft!
Send ut din Ande, Naade giv
Til Vokster, Frukt og heilagt Liv!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #659