1 Du vere lovad, Jesus Krist!
Du Mann er vorten sant og visst,
Som Broder vaar du komen er,
Og difyr gledst all Guds Her.
Halleluja!
2 Guds son med evig Herredom
Me finna her i Krubberom.
Uti vaart arme Kjøt og Blod
Seg klæder Gud, vaar Herre god.
Halleluja!
3 Den Gud, som styrer Heimsens Gang,
Han ligg, no her paa Moders Fang.
Den, Allting here Upphave fraa,
Ligg her som ein av vaare Smaa.
Halleluja!
4 No straalar fram med heilag Glans
Utyver Verdi Ljoset hans,
Det ned i myrke Natti skin
Og lyser oss til Himmels inn.
Halleluja!
5 Ja han, som var Guds Hjarta næst,
Til Jordi kom som framand Gjest
Og fører oss fraa Naud og Trong
Til Himmels heim med Englesong.
Halleluja!
6 Han er til Jordi komen arm,
At du skal kvila ved hans Barm
Og vera baade glad og rik,
Hans kjære, sæle Englar lik.
Halleluja!
7 Det gjorde han, at me derpaa
Hans store Kjærleik kunde sjaa.
Di skal kvar Kristen vera glad
Og love honom allan Stad.
Halleluja!
Source: M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg: Kirkesalmeboger og Almedigter af Biskop J. N. Skaar, med 79 portræter, og Kirkemusiker og Kirkemusik... #645