Go Ad-Free
If you regularly use Hymnary.org, you might benefit from eliminating ads. Consider buying a Hymnary Pro subscription.
763 | M. B. Landstads Kirkesalmebog og "Nokre Salmar" ved Professor Dr. E. Blix, samt følgende tillæg#764 | 765 |
Text: | Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann |
Author: | Blix |
1 Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann,
Som vilde til Gud oss lysa.
Det straalar klaart fyre kvar ein Mann,
Som honom i Tru vil hysa.
2 Ja Jesus Kristus er Livsens Ljos,
Som vil i vaart Hjarta renna.
Men Verdi styrer sin eigen Kos
Og vil ikkje Ljoset kjenna.
3 So vidt um Jord og i Himmelrom
Ho leitar og Ljos vil vinna.
Men hennar Visdom er Vesaldom,
For Gud kann ho ikkje finna.
4 Ho les paa Himmelen som ei Bok
Og Vegen til Stjernor kjenner.
Paa Sol og Maane ho trur seg klok,
Men daa etter skuggar renner.
5 Ho granskar Veder og granskar Vind
Og spaar deira ymse Vende,
Men er so reint fyre Ljoset blind,
Som Gud oss i Kristus sende.
6 Den arme Mann, som Myrker sit,
Vil endaa Guds dypter mæla.
Men Verdi vantar med alt sitt Vit
Den Sanning, som er til Sæla.
7 Det Sannings-Ljos, som er Jesus Krist,
Kann berre ved Tru me vinna.
For Mannavitet det heve misst
Det Ljoset, som Gud kann finna.
8 Aa Jesus, ver du so Ljoset vaart,
Som oss til Guds Rike leider!
Ja lys i Hjartat, til dess me klaart
Skal sjaa deg i Ljos og Heider!
Text Information | |
---|---|
First Line: | Eit Ljos paa Jordi med Jesus rann |
Author: | Blix |
Language: | Nynorsk |
Publication Date: | 1897 |
Topic: | Salmar til Kyrkjeaaret: 21. Sundag etter Trieinings-Helg; Hymns for the Church Year: Twenty-first Sunday after Trinity Sunday; 21 Søndag efter Trefoldigheds Fest: Til Hoimesse(1 more...) |
Notes: | Tone: Jeg ved et evigt Himmerig (L. 105) |